OM

Fra invitasjonen til UGSRM 2024 og litt bakgrunn for konkurransen 


Klasseinndeling:
Ingen. Alle går i same klasse uansett alder og kjøn.

Seeding:
Fyrste dag: Etter årsbeste/fjorårsbeste/antatt sluttid.
Andre dag: Etter samanlagtstillinga andre dag. Avvik av tilskipingsmessige grunnar kan forekoma.
Her er Undergrunnsskeiserørslemeisterskapstilskipingsnemndleiaren heilt suveren, men kan ta visse omsyn dersom einskilde har særskilte ynskjer om makker.

Startkontingent:
500 kr. Pengane går fyrst og framst som eit lite bidrag til Fosenhallen, dei lokale som hjelper til på isen, i bua og ikkje minst med det elektroniske tidtakarsystemet og filmcrewet som via livestream sender kvart eit skeisetak ut til den store verda. Forutan 4 løp er óg kjøtsuppe, dessert, bankett, musikk og mykje attåt inkludert (drikke og kvinnfolk/mannfolk, for dei som ikkje har det, lyt dykk ordna sjøl). Betalingsinfo kjem når det nærmar seg.

Påmelding:
Trykk «SKAL» her og/eller skriv i kommentarfeltet.

Vi vonar at inga ovseleg krimsjuke råkar oss i år og at alle som har hug til skeisesporten, sett av desse dagane i byrjinga av april for å vera med på den største storhendinga i året. Målet lyt vera å slå verdsrekorden frå i 2022 i antal som fullfører den store klassiske firkampen. Då klarte heile 51 skrinnarar dette meisterstykke på isen. I fjor var det 46

Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen har vorte arrangert kvart år sidan 1987, dei fyrste tre åra på Leangen i Trondheim, på Savalen frå 1990 til 2003, Nytrømoen på Tynset 2004-2006, attende på Savalen i 2007 før tilskipinga fekk sin endelege hamn i Fosenhallen i Bjugn frå 2008.

I byrjinga var det eit reint klubbmesterskap for Panserkameratane før eit særs fruktbart samarbeid vart innleia med skrinnarar frå andre klubbar som held tradisjonane innan denne heilage sport høgt og aldri avviker frå konseptet med den store firkampen som tevlingsform i samanlagtmeisterskap. NTHI sin skeisegruppe var gilde å ha med seg på 90-talet, synlege som dei var på banen med sine heilsvarte heimesydde trikoter. Desse born av Spøkelseskladden vart etter kvart uteksaminert frå den tekniske høgskulen medan ein voksande skare frå Lademoens Anarkistiske Skeiseklubb (LASK) tok deira plassar.

Samstundes foregjekk det ein noko tragisk avskaling frå Panserkameratane. Den vart jo danna som klubben for dei kleinaste skrinnarane i Noreg, og dei som vart for gode (gjekk forbi Peder Østlund på Adelskaleneren, 199.443 poeng) vart naturleg nok ekskludert. Sju skrinnarar leid denne vanlagnad og hamna i Hall of Fame (HoF). For at desse stakkarane framleis skulle ha eit ordentleg tevlingstilbod, vart det lagt opp så viseleg at dei tre klubbane, PK, HoF og LASK, gjekk saman om klubbmeisterskapa sine. Soleis vart Undergrunnsskeiserørsla fødd.
Sidan har skrinnarar med dei same verdiar og vørnad for skeisesporten vore velkomen inn i dette heilage syster- og brorskap. Ildsjelar på Fosenhalvøya og medlemmar av LIK, Lilleborg IdrettsKlubb, har vore av dei mest kjærkomne tilvekstane, men vi tek gjerne i mot fleire.

Undergrunnsskeiserørslemeisterskapen har etter kvart vorte ein namngjeten og populær hending, og vi veit at mange no ser fram til å møtast att til spanande tevling og sosialt samvær.

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang